Friidrett

Friidrettstreningane foregår på Lund stadion, og er for alle frå 1. klasse og oppover. Vi startar opp onsdag 22.08.18 kl 18:00-19:00. Vidare blir det den 29.08, 05.09 og 12.09, til same tid. Småsøsken under 1. klasse kan gjerne vere med. Velkomne!

2018

Kursinnbyding: Aktivitetsleiarkurs for barnefriidrett februar 2018 (.pdf)
Kursinnbyding: Dommarkurs friidrett februar 2018 (.pdf)

KRINSLAG FRIIDRETT 2018
Sogn og Fjordane Friidrettskrins ynskjer å skape gode sportslege rammer for friidrettssatsingA i Sogn og Fjordane, og ynskjer å gjennomføre treningssamlingar innanfor dei fire hovudgreinene i friidretten: løp, hopp, kast og kappgang. 25. februar (kl. 12-17) inviterer krinsen difor til oppstartsamling i Trivselshallen på Sandane. Denne vil vere open for aldersgruppa 13 år (f.2005) og eldre. Her vil det bli ei felles treningsøkt på tvers av alle greiner/øvingar, mat/teori, og ny treningsøkt – meir spesifikk mot dei ulike øvingane. Her vil det også bli presentert rammer for treningssamlingane resten av året. Vi håper dette skal vere med å løfte friidretten i Sogn og Fjordane! Førebels program og påmelding innan 19.februar via: www.deltager.no/oppstartsamling

2017

Vi startar opp igjen etter skuleferien onsdag 23. august.
Regionsleikar i friidrett 8-12 år på Byrkjelo Stadion søndag 17. september kl 14.00 (pdf)
Innbyding til KM og Krinsleikar på Byrkjelo 19.-20. august (.pdf)

Resultatlister
Seriestemne i hopp utan tilløp 7. februar 2017
Seriestemne i hopp utan tilløp 14. mars 2017 (.pdf)

2016

Onsdagar 18.30 til 19.30.
Treninga er for dei som er fødd 2010 og eldre.
Vi startar opp igjen etter sommareferien onsdag 17. august.
Velkomen!

2015

Lise Fure Håvik på Bendit-leikane 2015

Lise Fure Håvik på Bendit-leikane 2015

Sesongens første trening var 6. mai på Lund stadion. Trening var kvar onsdag kl. 18.30-19.45 fram til skuleferien, og oppstart første skuleveka til hausten. Treningane er for dei frå 7 år (1.kl.) og oppover. 

Seriestemner: 27. mai, 24. juni og 19.august.

Resultatlister
Friidrett seriestemne juni 2015 (.pdf)
Friidrett seriestemne 27. mai 2015 (.doc)
Friidrett seriestemne hopp utan tilløp januar 2015 (.doc)
Friidrett seriestemne hopp utan tilløp februar 2015 (.doc)

Oppsummering av sesongen 2015
Oppdatert fri-idrettstatistikk.2015 (word)
Oppsummering av fri-idrettssesongen 2015 (word)

2014

Fantastiske resultat av Ingar Hjelle i UM 2014
UM 2014 i Haugesund vart ein formidabel suksess for Ingar Hjelle frå Oppstryn IL. Han tok gull i høgde, og i tillegg ein 4. plass i stav og ein 5. plass i diskos. Friidretten i Sogn og Fjordane gjorde det godt med  totalt 7 gull, 4 sølv og 4 bronse. Les meir på Fjordingen.no

Iren Flo tilkjend krinsrekord i friidrett
Dei siste åra har statistikkutvalet i friidrettskrinsen utført ein del ajourføring av gammal statistikk. Blant anna har krinsen sin statistikk blitt samanlikna med forbundet sin for å sjekke om alt er likt for utøvarane frå vårt distrikt. Då viste det seg at forbundet opererte med Iren Flo som den beste frå Sogn og Fjordane i 7-kamp. Her i krinsen har Gunn Marit Haugsbø frå Bygstad, no kjend som leiar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, hatt rekorden sidan 1984. Iren sin 7-kamp frå 1987 har stått på 2.plass med 4444 poeng. Etter kontrollrekning fann ein ut at Haugsbø sin 7-kamp var feil utrekna, og er no nedjustert frå ca. 4500 poeng til 4380. Dette betyr at Iren Flo endeleg har fått tildelt krinsrekorden.

Resultatlister:

Friidrett seriestemne mai 2014 (pdf)
Friidrett seriestemne juni 2014 (pdf)
Friidrett seriestemne august 2014 (pdf)
Resultat Strynehalleikane 2014 (pdf)

Oppsummering av sesongen 2014
Fri-idrettssesongen 2014 (word)
Fri-idrettstatistikk 2014 (word)

2013

Årsmelding friidrettsgruppa 2013 (pdf)
Statistikk 2013

Diverse

Oppdatert friidrettsstatistikk etter sesongen 2016 (.pdf)
Idrettsmennene Magnus Guddal og Nils Skaare (pdf)
Friidrettsteknikkar

Advertisements

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s